Velkomen til å leiga bedehuset på Klepp Stasjon!

Velkomen til å leiga bedehuset på Klepp Stasjon!

 Salen er utstyrt med godt høgtalaranlegg med fire mikrofonar og piano. Anlegget er enkelt å betjena. Det er berbar pc på huset som er kopla mot prosjektor, men det er også råd å kopla  eigen medbragt pc til anlegget. Tilkopling er mogleg både framme ved talarstolen og bak i rommet. Sjå eiga vegleiing som ligg i ”lydrommet” bak i salen.

Hovudetasjen er tilrettelagt for rullestolbrukarar. I same etasje er det og eigen matsal. Denne er innreia med bord og stolar. Desse kan flyttast inn i møtesalen i samband med til dømes konfirmasjonar og liknande. Bord og stolar skal då ryddast tilbake slik dei stod. Sjå eigen plan som heng i dette rommet.

Servering av mat:

Kjøkkenet har oppvaskmaskin for storhushaldning. Det er komfyr med fire plater, og to steikeomnar.  Kjøkkenet har også et lite kjølerom som er omtrent like stort som to vanlege kjøleskap. Den øvre salen er også utstyrt med oppvaskmaskin, steikeomn og platetopp.

Utleigeprisar:

Privat (konfirmasjon, fødselsdag, minnemøte og liknande)

Hovudetasje

 

Type arrangement                                                 Leige                        Tillegg for kjøkken

Opne kristelege møter utan lokal tilknytning         Kr 700                      Kr 500

Offentlege møter (borettslag, firma ol)                  Kr 1500                    Kr 500

Minnemøter                                                          Kr 1500 inkl kjøkken

Fødselsdagar, konfirmasjon                                  Kr 2000 inkl kjøkken

Dersom kjøkkenet kun vert nytta til kaffikoking (ikkje oppvask), er kjøkken-tillegget kr 100

Øvre etasje

Type arrangement                                                 Leige               Tillegg for kjøkken nede

Opne kristelege møter utan lokal tilknytning         Kr 400             Kr 500

Offentlege møter (borettslag, firma ol)                  Kr 1000           Kr 500

Minnemøter                                                           Kr 700                 Kr 500

Fødselsdagar, konfirmasjon                                   Kr 1000                Kr 500

Leige av heile Bedehuset                        Kr 2500

 

 

Betaling:

Betaling skal skje seinast 14 dager etter leigedato. Om ein ikkje spesielt ber om det, vert det ikkje sendt ut rekning.  Bruk kontonummer  3290 07 70730, og merk innbetalinga med namn.

Kontaktperson:

Førespurnad  om leige av bedehuset kan rettast til formann Kåre Vigdel, tlf. 51 42 17 74, mob. 916 00 086. 

Reglar for utleige:

  • Bruk av alkohol og andre rusmiddel er ikkje tillate. Heller ikkje anna som er uforeinleg med reglar for bedehuset.
  • Førespurnad kan rettast maksimalt eit år før utleigedato. Unnateke er konfirmasjonar. Ved fleire førespurnader på same datoar  i samband med konfirmasjon vil det verta trekt lodd seinast 20. juni året før. Medlemmar av bedehuset har fortrinnsrett.
  • Bedehuset skal være ordinært reingjort ved utleige.
  • Leigetakar må sjølve sikre at varme vert skrudd på; ein kan avtale dette med Arnold Vigdel på tlf 907 56 429.
  • Leigetaker er sjølve ansvarleg for at hus, inventar og utstyr vert behandla på forsvarleg vis. Vert noko av inventar eller utstyr øydelagt, pliktar leigetakar å melda frå og erstatta det.
  • Leigetakar er sjølve ansvarleg for reingjering etter bruk. Frist for reingjering er kl 0900 påfølgjande dag, om ikkje anna er avtala.