Om Bedehuset Betania

Bedehuset ligg sentralt på Klepp stasjon, like ved Coop extra. Du vil kjenna huset igjen på korset som lyser opp frontveggen. Dette seier også noko om kva bedehuset er og kva vi ønskjer å formidla.

Indremisjonsforbundet (IMF) og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) eig huset, men også Misjonsselskapet (NMS) og andre organisasjonar har møter og aktivitetar der.

Årsmøtet for bedehuset vel eit styre som har ansvar for møteprogram og den daglege drifta av huset. Organisasjonane har sine eigne styrer.

Ulike typar arrangement:

Føremiddagsmøter kl 11.00

Dette er møter som både barn, unge, vaksne og eldre. Me har eit nokså fast opplegg med sang med forsangergruppe, skriftlesing, bøn og tale. Kl. 11.30 går barna ut for å vera med på søndagsskulen. Nokre søndager sel me middag etter møtet. Sjå opplysningar på plakatar og elles.

Søndagsmøter kl 18.00

Dette er tradisjonelle bedehusmøter med sang, tale og i blant rom for alle til å dela eit bibelvers, ein sang eller noko anna.

Kveldsbøn onsdag kl. 20.30. 

Kvar onsdag kl. 20.30 er det kveldsbøn på bedehuset. Her samlast frå 2-3 personar og oppover til bøn  for bygda, arbeidet på bedehuset og elles andre bøneemner. Møtene byrjar med lesing av eit kapittel frå Bibelen og deretter ber ein saman. Alle står fritt til å be høgt eller lågt.

Sjå bedehusprogrammet for kommande arrangement. 
 

Arrangement for barn og unge:

BYGGEKLOSSEN – For barn under skulealder i følgje med ein vaksen.

Samlingsstund med sang og bibelhistorie, felles matpakkeeting, leik og formingsaktivitetar. Annankvar måndag kl. 10:00 – 12:00

BARNEKORET TUSENFRYD -  For alle frå 5 år og oppover

Korøving, andakt , leik + noko å bita i nokre gonger. Annankvar tysdag kl. 17:00 – 18:00

DEN VESLE GREIN, JENTEFORENING – For jenter frå 1. steg og oppover

Andakt og sang, hobby- og formingsaktivitetar. Annankvar tysdag kl. 17:30 – 19:00.

SØNDAGSSKULEN – For store og små barn

Andakt, sang mm. Annankvar søndag kl. 11.30 – 12:15. Yngste gruppe – for barn fra 3 år til og med 1.steg. Eldste gruppe – for barn frå 2.steg og oppover.

YNGRES – For gutar og jenter frå 4.steg og oppover

Andakt og ulike aktivitetar som spelekveld, kiosksal, turar mm. Annankvar måndag kl. 19:00 – 20:00

FRIENDS – For ungdom frå 7.steg og eldre

Sosialt samvær, andakt, mat, kiosksal, turar. Annankvar fredag kl. 20:00 – ca. 22:15

Sjå alle kommande aktivitetar for barn og unge.
 

Kontaktpersonar:

Bedehusstyret: Kåre Vigdel 916 00 086
NLM: Gunhild Bore 992 68 921
IMF: Odd Narve Grude901 39 519
NMS: Elfrid Friestad Bergseth 478 16 620

Kontaktpersonar for barne og ungdomsarrangement:

Byggeklossen: Andrea Bjørkavoll Bergseth, mobil 41453395
Tusenfryd: Sunniva Muren, mobil 954 05 196
Den vesle grein: Eldfrid Friestad Bergseth, telefon 51 42 49 00
Søndagsskulen: Ruth Elise Helland, mobil 47378174
Yngres: Tormod Bø, mobil 948 688 83
Friends: Lars Inge W. Tønnesen, telefon 97409420