Ulike typar arrangement:

Føremiddagsmøter kl. 11.00

Tre gonger i månaden er det føremiddagsmøter. Kl. 11.30 går barna ut for å vera med på søndagsskulen. Nokre søndager er det middag eller kaffi etter møtet. To gonger i halvåret er det storsamling, då er det ikkje søndagsskule, men små og store er samla på heile møtet.

Kveldsmøter kl. 18.00

Ein gong i månaden er det kveldsmøter med varierande opplegg, som for eksempel misjonsmøte, lovsangskveld eller delekveld.

NB: Hausten 2021 prøver vi ut noko nytt i forsamlinga. I staden for kveldsmøter ein søndag i månaden startar vi husfellesskap.

Kveldsbøn torsdag kl. 20.30. 

Kvar onsdag kl. 20.30 er det kveldsbøn på bedehuset. Her samlast frå 2-3 personar og oppover til bøn for bygda, arbeidet på bedehuset og elles andre bøneemner. Møtene byrjar med lesing av eit kapittel frå Bibelen og deretter ber ein saman. Alle står fritt til å be høgt eller lågt.

Sjå kalendar for kommande arrangement.