Bedehusforsamlinga Betania

bhus.jpg

Bedehuset ligg sentralt på Klepp stasjon, like ved Coop extra. Du vil kjenna huset igjen på korset som lyser opp frontveggen. Dette seier også noko om kva bedehusforsamlinga er og kva vi ønskjer å formidla.

Forsamlinga er tilslutta Indremisjonsforbundet (IMF) og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Også andre organisasjonar har møter og aktivitetar på Bedehuset.

Forsamlingens visjon

Visjon: “Nær Jesus, nær menneske”

Kva betyr visjonen “Nær Jesus, nær menneske” for oss? Først og fremst ønskjer vi å legge til rette for at vi som forsamling og enkeltmenneske kan leve i nær relasjon til Jesus. Vidare ønskjer vi at den relasjonen skal prege relasjonen vi har til andre menneske rundt oss. Vi ønskjer at visjonen skal vere levande, slik at vi stadig søkjer ein nærare relasjon til Jesus gjennom hans ord og ein nærare relasjon til andre menneske gjennom varme og rause møter.   

Organisering

Eldsteråd

Å velje eldstar er ei bibelsk ordning (Tit 1:5-9, Apg 20:28, 1. Pet 5:1-3, Jak 5:14, 1.Tim 3:2-7). Det er ei lokal og tydeleg ordning, ved at alle veit kven eldstane er. Eldstane blir valde etter forsamlinga sine vedtekter for å:

  • Vere hyrdar for forsamlinga, ved at dei har eit pålagt omsorgsansvar for medlemane.

  • Vake over forkynninga, og gje styret råd om kva forkynning forsamlinga treng.

  • Ha ansvar for forvaltinga av sakramenta.

  • Rettleie enkeltmennske til å leve i tråd med Guds Ord og ha omsorg for dei som har det vanskeleg, eller forsvinn bort frå forsamlinga.

  • Tilby forbønn for, gje sjelesorg eller henvise dei som treng hjelp dit dei kan bli hjelpte.

Eldstane har ei tenande og rådgjevande rolle. Dei er førebilete i «i tale, i framferd, kjærleik, tru, og reinleik»  (1.Tim 4:12). Eldstane kan ha ulike nådegåver, og anlegg for ulike delar av gjerninga. Dei kan utfylle kvarandre, og dei kan søke hjelp, primært i eigarorganisasjonane våre, i spørsmål som synest vanskelege. Det er å vente av eldstane at dei stiller seg lojale mot eigarorganisasjonane sine grunnsyn og at dei søker å vere samlande og tydelege i forsamlinga.

Forsamlingsstyret

Forsamlinga vert leia av eit styre på fem medlemmar. Styret bør vere samansett av både kvinner og menn. Styret har ansvar for å leia arbeidet på bedehuset i samsvar med dei vedtak og strategiar som vert vedtekne på forsamlinga sitt årsmøte og i samsvar med forsamlinga sine vedtekter. Styret har det økonomiske ansvaret for forsamlinga sitt arbeid og drifta av huset. Styremedlemmar vert valde på årsmøtet.

Formann – Torbjørn Hovland - 40 40 85 41
Nestformann – Magne Aase - 91 67 1 4 14
Sekretær – Børge Grødem - 46 96 06 74
Styremedlem – Inger Birkeland - 99 26 90 07
Vara – Kåre Vigdel - 91 60 00 86

Midlertidig økonomiansvarlig
Karl Skjæveland - 91 85 98 72

Diakoni

Forsamlinga ønskjer å ha eit aktivt diakoniarbeid som baserer seg på nestekjærleik, med formål om å skape eit inkluderande og varmt fellesskap. Per nå har vi ikkje ei aktiv diakonigruppe, men det har tidligere blitt arrangert ulike arrangement og tiltak som f.eks laurdagskafe for lokalbefolkninga, open komlemiddag for alle som vil. Fleire i forsamlinga var engasjerte i arbeidet med internasjonal kafe på Kleppe bedehus, men den er ikkje i drift lenger.

Ulike tenestegrupper

Vi har oppretta ulike tenestegrupper i forsamlinga. Tenestegruppene er viktige for å få utført alle aktivitetene og oppgåvene som anten er nødvendige eller ønskjelege. Vi  ønsker at medlemmene engasjerer seg i tenester og oppgåver ut frå interesser og gåver.

Vi har i dag følgjande tenestegrupper:

  • Praktisk komite – ansvar for vedlikehald og anna knytt til huset og uteområdet. Praktisk komite arrangerer mellom anna vaske- og lukedugnader.

  • Diakonigruppe – ulike diakonale tenester som til dømes blomar til eldre jubilantar i forsamlinga og gåve til babyar i forsamlinga (NB! mangler personer akkurat nå)

  • Bibeltimar- /møtevekegruppe – ansvar for planlegging og gjennomføring av kveldsbibelskule og bibelhelger.

Grupper tilknytte føremiddagsmøte:

  • Møteleiargruppe - ansvar for å leia føremiddagsmøtene

  • Sang- og musikkgruppe - er delt inn i ulike lag med forsangarar og musikarar som sørger for sang og musikk på føremiddagsmøtene.

  • IKT-gruppe - ansvar for prosjektor og lyd på møtene

  • Møtevertgruppe - ansvar for å lage kaffi og te og ønske folk velkomen til møtene

  • Nattverdgruppe - ansvar for å gjennomføre nattverd jamleg på møtene

  • Forbønngruppe - tilbud om forbøn etter enkelte møte

Møte og samlingar

Søndagsmøte

Vi har føremiddagsmøte omtrent tre søndagar i månaden. Møtene følgjer ein etterkvart fast mal, der trusvedkjenning og bønn/fadervår har ein sentral plass. Barna er ein viktig del av møtene og vi ønskjer å sjå dei. Barna er også med når vi deler nattverd. Når talen startar går barna ut til søndagsskule.

Som forsamling tilknytt Imf og NLM ynskjer vi å ha fokus på misjonsarbeid både heime og ute. Her nyttar vi ulike ressursar frå organisasjonane, herunder materiell frå Awana, film frå «månadens misjonsland», leirarbeid og skulane våre.

Eit par gonger i semesteret er det storsamling der små og store er saman under heile møtet. På enkelte møte er det tilbod om forbønn. Etter møtene blir det ofte servert kaffi, saft og litt kaffimat. Mange stopper igjen og det er fint å vere saman også på denne måten.

Husfellesskap/ smågrupper

Forsamlinga har husfellesskap ein søndag i månaden som eit alternativ til vanleg søndagsmøte. Vi samlast i mindre grupper rundt i ulike heimar for å dele Guds ord, lese i bibelen, be og bli betre kjent med kvarandre. Ønskjet er at desse samlingane skal bidra til at vi som går i forsamlinga kan førast nærare Jesus og nærare kvarandre.

Kveldsbønn

Kvar torsdag kveld er det bønnemøte der ein først les eit kapittel i bibelen før ein ber saman. Det er sett opp ei liste med deltakarar slik at tre og tre rullerer på ansvaret kvar gong, men bønnemøta er opne for alle. Sjølv om det ikkje er så mange som er med kvar gong, så er denne bønnestunda viktig for både forsamling, plassen vår og arbeidet vi står i.

Bibelundervisning

Vi ønskjer at Bibelen skal vere sentral i alt arbeid som foregår og at vi skal verta utrusta til personleg åndeleg vekst og teneste vidare. Med dette som utgangspunkt arrangeres det både bibel-/møtehelger og kveldsundervisning tre eller fire påfølgjande onsdager eller torsdager kvart semester.