Sjelesorg

Bedehusforsamlinga har eit samarbeid om sjelesorg med INN-kyrkja på Lye. Eit par personar der vil vere disponible for oss om vi treng nokon å snakke fortruleg med, om trua, eller livet.

Desse seier det slik:  

"Vi er heilt vanlege kristne som har vanleg livserfaring. Vi tilbyr å vere eit øyre som lyttar og eit medmenneske som kanskje kan hjelpe deg å setje ord på det som er vanskeleg og å finne vegen vidare. Sjelesorg er ikkje terapi eller behandling, men omsorg gjennom samtale.

Samtalar vil skje etter avtalar og i trygge former. Vi ønskjer at kvinner får snakke med kvinner og menn med menn. Det du fortel oss vil vere taushetsbelagt og kjem ikkje vidare. Dersom det skulle vere behov for å konsultere andre, vil det berre skje etter di uttrykkelege tillating.

For å ta kontakt med oss: Send ein epost til samtale@innkyrkja.no , og be oss om å kontakte deg. Det vil vi gjere så snart det er mogleg, men det kan gå eit par dager. IKKJE skriv kva saka gjeld, men oppgje namn, mobilnummer og tider det kan passe at vi ringjer for den første kontakten.”