Medlemskap
Medlemskap i forsamlinga kan bli teikna av kristne som byggjer trua si på Bibelen som Guds Ord, og som vil arbeida på forsamlinga sin læremessige basis og føremål.
Medlemmer over 16 år som har betalt medlemskontigenten innan 1. oktober året før årsmøtet vert avhalde, har røysterett. Medlemskontigent er kr 400,- per år.
Vi oppfordrar våre medlemmar til å vere fast gjevarar og bidra i ei teneste, men det er opp til ein sjølv om ein ønskjer det.
Du treng ikkje vere innmeldt i ImF eller NLM sine trussamfunn for å bli medlem i bedehusforsamlinga.
Ønskjer du å bli medlem, send ein e-post til kleppstasjonbedehus@gmail.com eller ta kontakt med ein i styret. Legg ved namn, adresse og telefonnummer.