Velkomen til å leiga bedehuset på Klepp Stasjon
Salen er utstyrt med godt høgtalaranlegg med fire mikrofonar og piano. Anlegget er enkelt å betjena. Det er ein pc på huset som er kopla mot prosjektor, men det er også råd å kopla eigen medbragt pc til anlegget. Tilkopling er mogleg både framme ved talarstolen og bak i rommet. Sjå eiga vegleiing som ligg på miksepulten bak i salen.
Hovudetasjen er tilrettelagt for rullestolbrukarar. I same etasje er det og eigen matsal. Denne er innreia med bord og stolar. Desse kan flyttast inn i møtesalen i samband med til dømes konfirmasjonar og liknande. Bord og stolar skal då ryddast tilbake slik dei stod. Sjå eigen plan som heng i dette rommet.
Servering av mat:
Kjøkkenet har oppvaskmaskin for storhushaldning og konveksjonsomn. I tillegg er det ein vanleg steikeomn og ein stor komfyr. Kjøkkenet har også et lite kjølerom som er omtrent like stort som to vanlege kjøleskap. Salen i andre etasje er også utstyrt med oppvaskmaskin, steikeomn og platetopp.
Utleigeprisar:
Hovedetasje (inkludert kjøkken):
Generelt – alle private og offentlige arrangementer: kr. 2400,-
Åpne kristelige møter: kr. 1750,-
Matsal (inkludert kjøkken): kr. 1300,-
Andre etasje (inkludert kjøkken):
Generelt – alle private og offentlige arrangementer: kr. 1750,-
Åpne kristelige møter: kr. 1350,-
Hele huset: kr. 3000,-
Betaling:
Betaling skal skje seinast 14 dager etter leigedato. Om ein ikkje spesielt ber om det, vert det ikkje sendt ut rekning. Bruk kontonummer 3290 07 70730, eller VIPPS til #952631 (Bedehuset Betania Klepp stasjon). Ved betaling til konto, merk innbetalinga med leige + namn og dato. I Vipps-menyen vel ein «utleige» og merker med «namn».
Kontaktperson:
Førespurnad om leige av bedehuset kan rettast til Magne Aase - 916 71 414.
Reglar for utleige:
Førespurnad kan rettast maksimalt eit år før utleigedato. Unnateke er konfirmasjonar. Ved fleire førespurnader på same datoar i samband med konfirmasjon vil det verta trekt lodd seinast 20. juni året før. Medlemmar av bedehuset har fortrinnsrett.
Bedehuset skal være ordinært reingjort ved utleige.
Leigetaker er sjølve ansvarleg for at hus, inventar og utstyr vert behandla på forsvarleg vis. Vert noko av inventar eller utstyr øydelagt, pliktar leigetakar å melda frå og erstatta det.
Leigetakar er sjølve ansvarleg for reingjering etter bruk. Frist for reingjering er kl 0900 påfølgjande dag, om ikkje anna er avtala.
Bruk av alkohol og andre rusmiddel er ikkje tillate. Heller ikkje anna som er uforeinleg med reglar for bedehuset.