Bibelgrupper og foreningar

I tillegg til faste møteaktivitetar på bedehuset, er det ein del grupper og foreninger med meir og mindre tett tilknyting til bedehuset som samlast heime hjå folk. Dette er ein flott måte å bli knyta kontaktar og bli kjent med andre. Dessutan kan det vera ein stad der ein kan dela gleder og sorger, snakka om tru og tvil, lesa i bibelen eller be i lag med andre.

Bibel- og samtalegrupper

Bedehuset har per i dag to bibel- og samtalegrupper for vaksne. Desse gruppene er for 6-10 personar, og me møtest i heimane til gruppemedlemmane annankvar eller tredjekvar veke. ​Her les me i Bibelen saman, samtalar om det me les eller det som elles opptek oss i forhold til tru og liv, bed saman og deler eit måltid mat og pratar saman om laust og fast. Me er åpne for nye medlemmar og eventuelt oppstart av nye grupper om fleire er interesserte.

Kontaktperson: Randi Klingsheim Bø 971 974 62

Mannsforening

Mannsforeninga består av ei gruppe menn som samlast den 3. onsdagen kvar månad til bibelstudie, prat og mat.  ​

Kontaktperson: Karl Skjæveland 51425661

Kvinneforeningar

Dette er meir og mindre tradisjonelle misjonsforeningar som samlast i heimane til damene som er med ein gong i månaden. ​Ein har ein liten andakt, ev. litt misjonsinformasjon, ber  saman og har eit godt måltid mat og elles god tid til drøs. Foreningane er åpne for nye medlemmar.

NMS kvinneforening

Dette er den eldste av kvinneforeningane på Klepp stasjon. Her er det 5-10 damer i alderen 50+ som samlast 2. måndagen kvar månad kl. 19.30.

Kontaktperson: Gunnlaug Frøyland 932 23 387

NLM kvinneforening 

Dette er ei kvinneforening for både småbarnsmødre og bestemødre. Dei samlast siste måndagen i månaden kl. 20.00.

Kontakperson: Anne Hovland 452 95 014

Arja kvinneforening for NMS

Denne foreninga starta for ca 12-13 år sidan av nytilflytta damer. Etter kvart har foreninga blitt så stor at ho blei delt i to våren 2012. Det er i dag 10-12 damer i kvar av desse foreningane. 

Kontakperson: Torunn Elisabeth Grude 916 48 828